Personvern

Personopplysninger

 

Søndagstankar: Herrens kome

Søndagstankar: Herrens kome

Søndagstankar – 29.11.20

Adventus domini – Herrens kome

Er du langt unna? Kjem du snart? 

Slik spør vi vi gjerne om vi synes nokon er litt treige. Om det tar litt for lang tid frå det er ropt «Middag!» til alle er samla rundt bordet, eller om du ventar ved eit cafèbord og han eller ho du skulle møte er nokre minutt for sein.

Eg kan fort bli litt utålmodig av meg. Eg begynner raskt å lure på om eg har tatt feil av tida eller om den andre har gløymt meg. Eg tar opp mobilen og fyller ventetida med å scrolle ei nettavis eller facebook. Eg kan jo ikkje berre vente. Det må liksom skje noko... Eg skulle ønske eg var betre til å vente. Vente med ro. Vente med forventning.

 

Ofte seier vi at advent er ventetid. Men eg tenkjer heller at det er forvente-tid. Ei tid for å skape forventning. Ei tid for å sjå framover mot det som kjem. Mot Han som kom og som kjemigjen.

 

Dei fire adventslysa og dei 24 lukene i adventskalenderen peikar framover mot julehøgtida. Mot feiringa av det vesle barnet i krubba og lyset som skin i mørkret. Jesus kom for å gi menneske håp, for å sette fangar fri og for å forkynne ein god bodskap for fattige.

 

Er det noko menneske treng i 2020, så er det nettopp dette. Ein som kjem til oss og vitnar om liv. Ein som kjem med gode nyhende, og skaper forventning. Gir oss håp om nærleik og fellesskap. 

I år vil eg nytte adventstida til å takke. Takke for alle som i desse dagar arbeider på spreng for å gi verda håp. For alle som brukar livet sitt på å skape ei trygg og effektiv vaksine og for alle som arbeider for at flest mogleg skal få glede av henne, uansett lommebok, plassering i samfunnet eller stempel i passet. Ei vaksine som gjer at vi igjen kan møtast ansikt til ansikt, feire livet saman, sørge saman og ja, berre vere saman.

 

Adentus domini  Herren kjem!

 God advent!

 

Arne Moltubak , sokneprest i Ørsta sokn 

 

Luk 4,16-22a

16 Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta, 17 og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

   18  Herrens Ande er over meg,

          for han har salva meg

          til å forkynna ein god bodskap for fattige.

          Han har sendt meg for å ropa ut

          at fangar skal få fridom

          og at blinde skal få sjå,

          for å setja undertrykte fri

   19  og ropa ut eit nådeår frå Herren.

20 Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» 22 Alle tala vel om han og undra seg over nådeorda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.