Personvern

Personopplysninger

 

Søndagstankar: Er det lys, er det liv!

Søndagstankar:  Er det lys, er det liv!

Er det lys, er det liv!

Som rogalending er  eg vand med ope landskap og sollys heile vinteren. Det var derfor med ei viss uro eg flytta til ei bygd der sola er borte store delar av dagen på vinteren.

Det første året var verst. Eg fulgte lysgrensa oppe i fjellet, og måtte gå turaropp dit for å få ein dose med sollys før eg gjekk ned att i mørket og kvelden kom. Det tok nokre år for å finne rytmen. 

Apostelen Johannes hadde neppe opplevd mørketida her i nord, men han var likevel veldig oppteken av kontrastanemellom mørke og lys. Mørket representerte for Johannes kaos og hjelpeløysefråver av glede og liv. Medan lyset bar Guds nærvær med seg, og spredte orden, glede og liv der det fekkskine. Og Jesus, hans liv og hans ord, vart openberringa av dette gudsnærværet.

I mange kyrkjer vert det feira lysmesse i desse dagar. Å kometil kyrkja og tenne eit lys er for mange ei sterk og viktig handling. Lyset rommar så mykje vi ikkje klarar å uttrykke med ord. Ei enkel og nestan barnleg handling kan romme eitunivers av tankar og kjensler som vi bærer på.

2020 vart året då ingen trengte å lure på kven som hadde bruk for ei hjelpande hand eller eit oppmuntrande ord. For det trengvi alle. Men nokon meir enn andre.

Apostelen Johannes oppfordrar oss til å sette bøn ut i handling. Tenk ut kven som treng å høyre di stemme,få eitjulekort eller ein telefon. Det kan bety meir enn du anar. Det skal berre ein liten flamme til for å lyse opp eit mørkt rom.

Bøn: Jesus, takk for gleda og livet du spredte rundt deg. Gi oss håp i adventstida. Amen

 

For mørkret vik bort, og det sanne lyset skin alt no. 9 Den som seier at han er i lyset, men hatar bror sin, er enno i mørkret. 10 Den som elskar bror sin, blir verande i lyset og fører ingen til fall. 11 Men den som hatar bror sin, er i mørkret og vandrar i mørkret. Han veit ikkje kvar han går, for mørkret har blinda auga hans.
          
    12 Eg skriv til dykk, born,
          fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld.
          
    13 Eg skriv til dykk, fedrar,
          fordi de kjenner han som er frå opphavet.
          Eg skriv til dykk, de unge,
          fordi de har vunne over den vonde.

1Johannes brev, 2,8-13


Espen Aarseth, 

spr. i Hjørundfjord