Personvern

Personopplysninger

 

Søndagstankar ved diakon Betty Søvik

Søndagstankar ved diakon Betty Søvik

Lovnaden står over lova

Galatarane 3, 23-29 :  «23 Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde heilt til den trua som skulle koma, vart openberra. 24 Slik var lova vaktaren vår til Kristus kom, for at vi skulle seiast rettferdige ved tru. 25 Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren.

26 De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus. 27 For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. 28 Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. 29 Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden».

Det var ganske skummelt å reise frå fødelandet mitt Namibia for å delta i kampen for fridom og avskaffing av apartheidregimet. Vi måtte rømme i skjul ut av landet og reise til eit ukjent land. Det vart då enda meir kjærkome når landet vårt fekk sjølvstende og vi kunne reise tilbake til eit fritt fedreland. Alt var endra frå det landet vi hadde forlate. Fridomen var komen og apartheid var avskaffa. Kor kjekt det var å kunne reise omkring i landet utan å blir spurt om pass eller bevis på at eg hadde rett til å vere der eg oppheldt meg, å kjenne meg fri. På same vis har det  å ha fått Jesus inn i livet mitt gitt meg følelsen av fridom!

I Det nye testamentet, Galatarane 3: 23-29, skriv Paulus om det nye livet i Kristus.  Han skriv at før vi lærer å kjenne Jesus, så er vi «innestengt», altså ufrie. Guds lov får oss til å innsjå at vi er syndarar, at syndene herskar i liva våre. Vi bør definitivt etterleve Guds lov, både som enkeltpersonar og som samfunn.

Paulus tar opp det viktige spørsmålet om grensene for menneskeleg fridom og omfanget av guddommeleg nåde. I Galatarane får vi den fantastiske forsikringa om Guds nåde som forventar mykje av oss i form av Gudstru, men som krev lite anna for å oppnå frelse.

Eg innser at orda "frelst" og "frelse" er krevjande religiøse ord, men Paulus forklarar frelse med det å bli gjort «rett med Gud» som kan bli oppnådd gjennom Jesus Kristus.

Før Paulus vart omvendt til Jesus si lære var han ein lydig farisear og ein ivrig forfylgjar av Jesus sine følgesveinar. Å overhalde lova (Israels Torah) var det primære identitetsmiddelet for jødane og deira daglege tilknyting til Gud. Å etterleve Torah var eit teikn på at dei med rette kunne ta imot alle Guds løfter som hadde blitt gitt til forfadrane, til Abraham, Isak og Jakob. Å overhalde lova var å føle seg som rett arving til løftet til Israel.

Problemet, slik Paulus såg det, var at Torah viste folk kva som er synd, men forklarte ikkje kva som skulle til for å bli fri for syndene.

Løysinga foreslått av Paulus er å bli døypt i Jesu namn og identifisere seg med han. Dåpen symboliserer at vi døyr med han, blir gravlagt med han og står opp med han. For trua på Jesus skaper heilt nye føresetnader for frelse. Vi blir jamvel Guds born ved trua på Guds son. Det er dette som blir gitt til oss i dåpen, som ei gåve.

Den åndelege transformasjonen ved Den heilage ande gjer menneskelege forskjellar som kjønn og etnisitet irrelevant i Guds rike fordi «26 De (vi) er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus. 27 For alle de (vi) som er døypte til Kristus, har kledd dykk (oss) i Kristus. 28 Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De (vi) er alle éin i Kristus Jesus» (Gal.3,26-28).

Sosiale nemningar brukt på Paulus tid, som jøde og heidning og slave og fri, er ikkje lenger så mykje brukt i vår del av verda, men vi har utvikla andre skiljelinjer mellom oss menneske, enten det er rase, seksuell legning eller politisk haldning.

På Paulus tid var det revolusjonerande at jødar og heidningar kunne vere saman i Guds hus (synagoga). Det var ein radikal demonstrasjon av Jesus og evangeliets kraft å vere i stand til å sameine dei som tidlegare hadde ulikt syn, om ikkje direkte fiendar. Det å vere “i Kristus” var no den viktigaste sosiale betydninga,

For Paulus er dåpen det ytre teiknet på dette nye livet i Kristus, og den fridomen det gir oss menneska.. Vi er alle skapt i Guds bilde. Vi er ei familie av likeverdige menneske. Vi høyrer Kristus til, avsluttar Paulus i teksta, med trua på det evangeliet som  blir gitt til oss i dåpen, ved forkynninga av Guds ord og ved nattverdsbordet.

Av Diakon Betty Søvik

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret



"Gå i fred, ten Herren med glede!"

Kontaktinformasjon:
Knut Stave, diakon Tlf: 700 48644
e-post:
          ............................
Betty Søvik, diakon
Tlf: 700 48645
e-post:
 ...............................................
Lenkjer: Kirkens SOS..............................................