Personvern

Personopplysninger

 

Søndagstankar av spr. Arne Moltubak

Søndagstankar av spr. Arne Moltubak

Klok og trufast?

Den 9. august lanserte FNs klimapanel sin sjette hovudrapport om klimaendringane. Rapporten viser oss det vi har visst lenge, men som mange av oss prøve å skyve litt bort frå horisonten, nemleg at menneskeskapte klimaendringar er høgst reelle og at det hastar å gjere noko med det.

Om ikkjedet store VI, du og eg og resten av verda, gjer ein innsats for å få ned utsleppa vil kloden måtte betale prisen med meir ekstremvær, kraftigare nedbør, meir tørke, is som smeltar, skogbrannar og høgare vass-stand.

 

Det handlar ikkje lenger om å unngå menneskeskapte uheldige klimaendringar. Det handlar om å avgrense skadene. Det handlar om å gjere det vi kan for at denne vakre jorda vi bur på skal kunne vere ein heim også for komande generasjonar anten dei bur på landsbygda eller i storbyen, langs sjøen eller oppe i fjellet, nær ei elv eller nær ein skog. 

 

Poeten og artisten Trygve Skaug skriv slik i det han sjølv omtaler som eit klimabrøl av ein song:

 

Her er det bare rester igjen
de fleste gjester har gått hjem
nå trengs det bare noen friske hender
som kan rydde litt
og hvis du finner noe du vil ha
vær så god bare ta
for husk at alt det du ser
det er ditt

 

Du finner sekker til venstre der
(du trenger flere enn det du tror)
men finner du fremtid så må du ikke si et ord
den må du ta med hjem
du vet aldri når du trenger en

 

I Lukas 12,42 spør Jesus retorisk «Kven er den trufaste og kloke hushaldaren (gr oikonomos)?» Vidare gjev han to ulike bilete. Det eine er av av ein som gjer det han er sett til, sørgerfor tenestefolket og slik lever opp til biletet av den gode hushaldarenDet andre er ein hushaldar som seier med seg sjølv: «Det tek nok enno ei stund før herren min kjem»Difor lever han det gode liv samtidig som han mishandlar tenestefolket han er sett til å leie. 

 

Eg spør meg «Korleis er det med oss og vårt hushald?» Lukker vi auga og håper at det går over, eller opnar vi auga, ser sanninga om både fortid, notid og framtid og tar ansvar for den jorda vi er sett til å dyrke? Det handlar om små val i din og min kvardag og det handlar om store val på internasjonale toppmøte, rundt politiske møtebord og i leiinga i dei store industriselskapa. Ingen av oss kan seie at dette gjeld ikkje meg. For dette gjeld oss alle og det gjeld vår felles framtid.

 

God klimahelg!

 Arne Moltubak , sokneprest

 

41 Då spurde Peter: «Herre, er det oss du siktar til med denne likninga, eller gjeld ho for alle?» 42 Herren svara:

       «Kven er den trufaste og kloke hushaldaren, den som herren set over tenestefolket sitt så han skal gje dei mat i rette tid? 43 Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake! 44 Sanneleg, eg seier dykk: Herren skal setja han over alt det han eig. 45 Men set at tenaren seier med seg: ‘Det tek nok endå ei stund før herren min kjem’, og han så tek til å slå tenestegutane og tenestejentene og eta og drikka til han blir full. 46 Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit om, og hogga han ned og la han få dela lagnad med dei vantruande. 47 Den tenaren som veit kva herren hans vil, og likevel ikkje steller i stand eller gjer det herren vil, han skal få mange slag. 48 Men den som ikkje veit det og gjer det som fortener slag, han skal sleppa med færre. Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir.

Luk 12,41-48