Personvern

Personopplysninger

 

NB! Minner om Misjonsmessa komande laurdag

NB! Minner om Misjonsmessa komande laurdag

MISJONSMESSE PÅ KULTURHUSET


Laurdag 12.november kl 11.30-15.30 ynskjer vi velkommen til Ørsta Kyrkjelyd si Misjonsmesse på kulturhuset.

Ørsta Sokneråd vedtok i år å fornye avtalen med tanke på å støtte arbeidet som Det Norske Misjonsselskap (NMS) driv mellom barn og unge i fattige område i Thailand.


 

Kl 12.00 og 14.00 vil Paul-Kristian Hovden gi informasjon, dette er viktig å få med seg.

Dette vil forhåpentligvis gi inspirasjon til å vidareføre avtalen som Ørsta Sokneråd har inngått


Kl 14 blir det andakt av prestevikar Constanze Lindner og musikkinnslag av Eirik Stave. Han har tidlegare gjort ein stor innsats med salg av sjølvlaga avis, der inntekta gjekk til nettopp Misjonsprosjektet.


På messa blir det sal av lodd, tombola og årar. 

Når det gjeld å få kjøpe seg mat, er det litt av kvart å velge i…

Nytt av året er vårrullar, ellers er det mulig å kjøpe seg smørbrød, enkel middag som betasuppe eller risengrynsgraut.

Kakeutvalet blir bra, så her er det berre å ta seg god tid og nyte eit godt måltid med kjende og ukjende, og samstundes støtte eit flott prosjekt

Loddsalget er godt i gang og frivillige har gjort ein flott innsats der med å selge lodd på Alti.

Frivillige har også gjort ein flott innsats med lefsebaking, baking av julekaker og lage kle til dokka osv.

Vi set stor pris på gevinstar, desse kan leverast på  kyrkjekontoret, Vikegata 5.


Velkommen til å støtte Ørsta Kyrkjelyd sitt Misjonsprosjekt 

 

Sjå Bilder av førebuing til messa:

Bilete frå tidlegare:

Små skattar frå fattigaste områda i Thailand har fått hjelp av mellom anna NMS:

 

 GI EI GAVE:

Gave til NMS kontonr: 8220 02 85057

Misjonsalliansen:   3000 16 00040

Himalpartner kontonr: 3000 15 47107

Vil du gi ei gåve til kyrkjene i Ørsta?  Vipps #503139 eller kontonr: 3992.04.04654    

Merk: Gåve til kyrkjelyden.




Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret