Personvern

Personopplysninger

 

 Vartdal

Ørsta kommune har to prestegjeld. Det eine er Ørsta prestegjeld, der Ørsta sokn og Vartdal sokn ligg under. Bilete av Vartdal kyrkje:

Foto: Ragnhild Kristin Vartdal



VartdalNytt

Til deg som går i 5.-, 6.- eller 7. -klasse, Vartdal

Veit du kva ei pinsebrising er? Har du lyst til å lære meir om kvifor vi feirar pinse? HAR DU LYST TIL Å OVERNATTE I VARTDAL KYRKJE?

Du kan lære meir om pinse og pinsetradisjonar, utforske kyrkjetårnet og i tillegg ha det kjekt i lag med venner! Vi slår saman dei tre årskulla i år sidan det er nokre år sida sist vi inviterte til dette arrangementet i Vartdal kyrkje. 3. juni- 4. juni 2023.

ALLE som går i 5. og 6. klasse er velkomne til å vere med på pinsevake i Vartdal kyrkje.

→ Les mer

Lys i november – ei konsertoppleving i ord og tonar
Lys i november – ei konsertoppleving i ord og tonar
Fredag 25.november klokka 19.00 inviterer vi til konserten «Lys i november» i Vartdal kyrkje. For nokre år sidan fekk Vartdal kyrkje eit flott nytt kyrkjeorgel, sjølvaste dronninga mellom instrumenta. Mange la ned eit stort og imponerande arbeid for å få dette realisert. Og svært mange ga ei pengegåve til kyrkja og orgelet. For om lag eit år sidan kjøpte Vartdal sokneråd også inn eit flunkande nytt piano. Det er mykje positivt som skjer på Vartdal og no ynskjer vi å løfte fram Vartdal kyrkje, kulturen, musikken og dei nye instrumenta som er i kyrkja.

→ Les mer

Årsmelding 2020

ÅRSMELDING FOR VARTDAL SOKNERÅD 2020. 

 

Medlemar Vartdal sokneråd  2020                            

Leiar:                   Jørn Vartdal                   

Nestleiar:             Jenny Ullgren     

Medlemar:           Kristine Tingvoll 

                             Frode Sætre 

                             Kari Ellen Vartdal 

                             Ragnhild Aasen 

Geistlig medlem:  Ruth Eva Sollie 

       

Varamedlemer:    Sveinung Saltre 

                             Astrid Elisabet Vartdal delaer 

      Jan Otto Roth 

      Rune Ryslett 

       

→ Les mer

Kjære foreldre til 6-åring på Vartdalstranda
Du får denne invitasjonen sidan du har eit barn som startar på skule i haust. Barnet ditt er heilt førsteklasses og dette har vi lyst å feire i kyrkja. Vi tenkjer at skulestart er ei så viktig hending i barnet sitt liv at vi vil sende med det ei velsigning. 

→ Les mer

PopKorn= 1 år i Vartdal kyrkje

Barnekoret på Vartdal, PopKorn feira 1 år med overnatting i kyrkja! 29 som tok del og 24 tøffingar som overnatta. For ein gjeng, og for ei helg!

Takk til dirigent Venche, foreldre/føresette og sponsorar for glimrande innsats

Sjå bilete frå dette:

 Bildeserie

→ Les mer

Bibelutdeling i Vartdal kyrkje

Kjære 5.- og 6. klassingar, med føresette frå Vartdalsstranda

Du som går i 5. eller 6. klasse, har blitt rundt 10 eller 11 år. I Vartdal kyrkjelyd har vi lang tradisjon for å gi ei bibelgåve til barn i denne aldersgruppa, og det vil vi gjerne fortsette med i år også.

→ Les mer

Bilete frå Tårnagent i Vartdal kyrkje

Åtte kjekke gutar og jenter frå 3. og 4. klasse var Tårnagentar i Vartdal kyrkje i helja som var!

Dei fikk bevis, agentmappe, brukte sanasane sine og sjekka ut kyrkja, fikk oppdrag og utførte dei etter fantastiske evner! trur dei hadde det kjekt i lag i kyrkja. Takk for hjelpa frå pårørande med matykta mellom anna.

Sjå bileta frå arrangementet på laurdag:

 Bildeserie

→ Les mer

                                     
  
Aadresse:
Strandgata 5A,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640/70048650
Faks: 70048641

Meir info.
under sida for
kyrkjekontoret

e-post til kontoret


Spr. Arne Moltubak:
tlf: 90674947


Vartdal kyrkje:70042054

e-post til sekretær